Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag

Attende til hovudsida

Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag

Frå: 09. May 2016 Kl. 20.00
Til: 09. May 2016 Kl. 20.00

Type: Årsmøte
Stad: Sæbø bedehus

Det vert halde årsmøte på Sæbø bedehus måndag 9.mai kl. 20.00.Program + årsmøtesaker.

Vel møtt til medlemmar og alle interesserte.

Meir informasjon

Årsmelding for Hjørundfjord kulturvernlag, 2015

Førre årsmøtet vart halde på Bondalen grendahus, fredag 15. mai 2015.

Synnøve Rekkedal Hill opna møtet kl. 20.00. Årsmelding og rekneskap vart opplese og godkjent. Det har vore halde berre eit styremøte, men styret har møtst på fleire synfaringar og drøfta dei ymse sakene då.

Torbjørn Urke leidde valet på nytt styre:
Synnøve Rekkedal Hill, leiar. - Kjell Arne Årseth, skrivar. - Eldbjørg Tvergrov, - Oddhild Saure, Jørund Aklestad, - Yngve Frøland, - Torbjørn Saure Hoel.
Varamedlemer: Monika RIIse 1. vara, Ingeborg Standal 2. vara, Steffen Nordang 3. vara.
Valnemnd: Ola Perry Saure, Eldrid Øye og Helge Nordang.
Revisor: Irene Osvoll

Hovudsatsinga i år har vore internatskulen på Stavset. På vårparten lyste me til synfaring på skulen, og møte etterpå i Nilsgarden på Ytre-Standal. I tillegg til styremedlemer var der representantar frå grunneigarane, Ørsta kommune, Ørsta Røde Kors og andre interesserte. Det var semje om å halde fram arbeidet for å bevare bygget mest mogeleg intakt. Jostein Mo målbar stønad frå kommunen si side, Ø.R.Kors ytra interesse for å bruke huset i dera arbeid, Inge Kolås kunne tenkje seg å forskotere vøling som hastar og Torbjørn Gjøsdal Wollmann ville syte for drenering og planering rundt murane, mot godtgjersle for drivstoff. Eldbjørg Tvergrov sytte for god mat under møtet. Einar Tvergrov har sytt for sikring av vindauga.

I juli vedtok M. og R. fylkesting samrøystes å be om vern av skulen. I etterkant av dette fekk me tildelt eit tilskot på kr. 290 000 frå fylket.

Ellings-gardfjøsen i Kvistaddalen, som er tenkt å vere ein informasjonsstad for området, fekk tildelt kr. 20 000 frå fylket. Dette vert brukt i samband med ferdigstilling av prosjektet i 2016.

Kulturvernlaget, i samarbeid med sogelaget, monterte ei utstilling på Sæbø skule i samband med Hjørundfjorddagane. Temaet omhandla krigen, med vekt på det lokale.
Norsk Kulturråd løyvde kr. 15 000 til dette føremålet. Utstillinga vart ein stor suksess med "fullt hus" båe dagane.I samband med utstillinga, synte den utflytta Hjørundfjordingen, Magne Årseth fram ein sjølvbygd modell av barndomsheimen på Rise.

Styret har hatt to synfaringar på det gamle Hjørundfjord kommunehus. Fyrste synfaringa var i saman med nokre av dei som vil overta huset frå kommunen. So deltok me på ei synfaring der bygningsantikvar Christ Allan Sylthe deltok. Planen er å etablere eit dokumentasjonssenter for dei mange rasulukkene som har råka folket her i fjorden.

Rise, 26. april 2016
Sign.
Kjell Arne Årseth, skrivar.


Tilbake til aktivitetskalenderen