Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Naturfestivalen med Aktivitetsdag på Bjørke

 

Aktivitetskalender
Bildegalleri
Forum (I går)
Gjestebok
Søk


Annonse

Annonse

Annonse

  • Skriv ut
  • Hjelp

Naturfestivalen med Aktivitetsdag på Bjørke

Fra: 05. august 2010 Kl. 10.00 Type: Naturfestivalen
Til: 05. august 2010 Kl. 22.00 Stad: Bjørke
 
Om aktiviteten:
Torsdag 5. august / Thursday August 5
Aktivitetsdag på Bjørke

Med kulturminneløype og open kunst- og hand-verkskafé:
Kunst- og handverkskaféen på Bjørke held ope frå kl 11.00 til kl 19.00
 
Utfyllande informasjon:

01 (1)        

Bjørke sett frå Bjørkehornet  Foto: Even Kåre Holte

Guida føremiddagscruise på Hjørundfjord og kulturminneløypa på Bjørke
Møt opp på Sæbø kl 10.00.
Der ligg MS Hjørundfjord og ventar.
Guide om bord i båten fortel om det vi ser innover mot Bjørke.
På Bjørke skal vi gå den 3 km lange Kulturminneløypa og få høyre meir om både historie og notid i Storfjorden.
Vi går inn i Jodbuda, Tingstova og Tuestova, og ser på naustrekkja, kvernhusa m.m.
Det vert også ein tur innom kunst- og handverkskafeen før MS Hjørundfjord tek oss attende til Sæbø.
Kirsti Hansejorde Skauge er med som guide på heile turen.
Pris kr 300,- inkl båtskyss tur/retur.
Påmelding til 70 06 85 18 eller info@orstainfo.no seinast onsdag 4. august.
Arrangør: Sjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.


Ettermiddagstur rundt kulturminneløypa på Bjørke
Oppmøte og parkering på Brusletten kl 16.00.
Vi går den 3 km lange Kulturminneløypa og får høyre meir om både historie og notid i Storfjorden.
Vi går inn i Jodbuda, Tingstova og Tuestova, og ser på naustrekkja, kvernhusa m.m.
Undervegs besøker vi kunst- og handverkskafeen, og vi avsluttar med kveldskaffi på Ungdomshuset.
Pris kr 50,-.
Ikkje førehandspåmelding
Arrangør: Sjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.

 

Tileggsopplysing

Ettermiddagsturen rundt Bjørke.

Dei som vil gå kulturminneløypa kan gjerne møte opp på Haukly 
Haukly blir ope frå kl 15.00
Vi starten frå Brusletta kl 16
Vi har engasjert Kjell Bjørke som omviser/guide på denne dagen.
Det blir mange gode historier frå Bjørke, og få kan å fortelle historiene frå Bjørke slik som han.
Tua og Tingstova blir besøkte og der kan vi sette oss ned ei stund før vi går vidare til  Ungdomshuset Haukly
Når vi kjem tilbake til Haukly ca kl 18- 19 så blir det varm mat å få og dei som vil kan få sjå Hjørundfjordfilmen.
PÅ Ungdomshuset Haukly kan du kjøpe.
Sodd med tilbehør
Kaffi-kake-is- Pizza - pølse og brød
Les meir om kulturminneløypa
http://www.scribd.com/doc/30323248/Kulturminnel%C3%B8ypa-p%C3%A5-Bj%C3%B8rke          

Ta gjerne kontakt med laget for meir innformasjon

eller leiaren for kulturminneløypa  Perry Bjørke 70069291

www.haukly.net                                                                                 

Helsing Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag.

Tilbake til aktivitetskalenderen

Annonse

Aktivitetskalender

12.sep.
(Sagafjord Hotell)
(Idrettsbygget ved Lærarskulen)
13.sep.
(Grøthaugen)
16.sep.
(Grendahuset)
17.sep.
(klubbhuset på sæbø)
(Sagafjord Hotell)
18.sep.
(klubbhuset på sæbø)
19.sep.
(Hjørundfjord kyrkje)
20.sep.
(Frølandsetra)
23.sep.
(Grendahuset)

Nettstadskart/Sitemap  Kontakt/Contact  RSS  Rapporter feil
Hjørundfjordportalen er laga av Tor Eirik og Håkon Trandal
Statistikk

741 registrerte brukarar, 0 medlemmar online, 27 gjestar

Flest medlemmar online: 16 stk - 01.10.2009
Flest gjestar samstundes: 160 stk - 02.04.2008

441 besøk idag.

1580 besøk - 08.05.2008
939419 besøk og 9278084 visningar totalt