Hjørundfjordportalen » Lokalt » Aktivitetskalender » Rekkedal gjestehus opnar dørene

Attende til hovudsida

Rekkedal gjestehus opnar dørene

Frå: 31. March 2010 Kl. 19.30
Til: 31. March 2010 Kl. 19.30

Type: Hyggjekveld
Stad: Rekkedal gjestehus

No i påskeveka, onsdag den 31. mars, ynskjer Margrethe og Bjarne Rekkedal alle velkomne til ein god, tre rettars middag på Rekkedal Gjestehus...

Meir informasjon

Det har allereie blitt ein tradisjon - at i påskeveka opnar Margrethe og Bjarne dørene til grindaløda, vinkjellaren og Iverstova.  Dei to vil då m.a. servere handmat og ein tre rettars middag der sjølvsagt lammekjøt er hovudingrediensen. Det vert omvisning for gjestane og sjøvsagt skal omvisninga omfatte "Nyestova", det nye og spesielle selskapslokale som ikkje er heilt ferdig møblert ennå, men er klar for omvisning.

Det vert oppmøte kl. 19.30 med litt å bite i ved borda, og servering av 3-rettars middag frå kl.20.00

Før servering vil det vil det stå hjortemòr, snøfrisk og heimebaka flatbrød på borda.  Middagen er sett saman av varmrøykt ørret, utbeina lam fylt med krydder og litt bacon - denne retten har vertskapet utvikla sjølve ilag med god  hjelp utanfrå og har etter kvart vorte ein spesialitet for gjestehuset - og til dessert vil det bli servert tilslørte bondepiker.

 

Pris pr. middag er kr. 390,- inkl. mva og noko og bite i.

Drikke kjem i tillegg.

Som mange allereie veit, er det berre denne dagen i påskeveka Rekkedal Gjestehus har ope for bordbestilling og det er kun denne kvelden, dei som har vunne seg gåvekort ved forskjellige arrangement, som gjestehuset har sponsa, kan nytte gevinsten.  Nytt difor høvet no - ta kontakt og ting eit, eller fleire bord. 

Vertskapet ynskjer at dette skal være eit tilbod for bygda og tilreisande å treffe kvarandre. For at dei  skal få til eit godt tilbod, ber dei om at det vert  teke kontakt i god tid frå no og til og med palmehelga. 

Telefonnummeret til Rekkedal Gjestehus er (+47)952 22679, eller bruk e-post, klikk då her.

 

Vertskapet ynskjer alle velkomne


Tilbake til aktivitetskalenderen